Ny verksemd

Skal du starte privat verksemd?

Vaksdal Næringsselskap bidrar til at du får så gode rammevilkår som mogleg. Det gjer me gjennom rådgjevning, gjer deg eit nettverk og økonomisk støtte.

Me har midlar til næringsutvikling som me deler ut til dei som vil etablera seg. Det kan vera gründerar, etablerte verksemder som ynskjer å utvikla selskapet eller bedrifter som ynskjer å flytta verksemda si til Vaksdal kommune.


Retningslinjer for stønad

Det er styret i Vaksdal Næringsselskap AS som vedtek alle former for stønad etter retningslinjer. Det er opp til styret å avgjere om, og kor mykje verksemda eventuelt skal få.

Ei løyving frå Vaksdal Næringsselskap AS skal vera utslagsgjevande for at ei verksemd vert etablera og står for varige verdiskapande arbeidsplassar.

Her er retningslinjer for økonomisk stønad.

Ta kontakt med dagleg leiar er Vidar Skeie på e-post eller mobil 916 06 771 om du har ein god idé du vil setja ut i livet.