Velkomen til Vaksdal kommune

Verksemder som vil etablere seg i Bergensområdet kan finne mange fordeler med etablering i Vaksdal kommune. Kort reisetid til Bergen, jernbanestasjon og europaveg gir god kommunikasjon resten av landet. Djupvasskai gjev og høve til transport med skip.

Næringslokaler - næringsareal:

Dale Fabrikker har 50 000 m2 ledige næringslokaler. Vaksdal senter har òg ledige lokaler. På Dalegarden mellom Dale og Stanghelle er det tilgjengelege næringsareal. I tillegg har Vaksdal god infrastruktur på kraftforsyning og redundante fibernett.

Det er gode tenestetilbod i nærmiljøa med butikk, leikeplassar, barnehage og skule i tettstadene i Vaksdal. Det vert bygd nye bustader på Tettaneset på Stanghelle, og det er ledige tomter i heile kommunen. Bustadprisane er rimelege samanlikna med Bergen og Voss.