Industrihistorie

I 1866 kjøpte den bergenske forretningsmannen Gerdt Meyer rettane til krafta frå Vaksdalsvassdraget og anla Vaksdal Mølle, med kai ved Sørfjorden. Tretten år seinare, i 1879 satt Peter Jebsen opp sin fyrste bygning til Dale Fabrikker, med vasskraft frå Bergsdalen, til det som seinare vart den største tekstilfabrikken i Noreg.

Vaxdal stasjon på Vossebanen, Foto: UiB-samlingen, William Dobson Valentine, 1888

Vaxdal stasjon på Vossebanen, Foto: UiB-samlingen, William Dobson Valentine, 1888

I 1883 sto Vossebanen ferdig. Dale og Vaksdal bidrog, ved hjelp av dynamikk mellom infrastruktur på vasskraft og jernbane, til at ei avgjerande industriutvikling for Vestlandet.

Denne epoken vert i norsk historie omtala som «Det store hamskiftet», frå det før-industrielle byttesamfunn, til det industrielle med marknadsøkonomi. No står næringslivet på Vestlandet føre ei ny omstilling. Denne gongen frå ikkje-fornybare til fornybare energikjelder, og med ny dobbeltspora jernbane med stasjonar på Vaksdal, Stanghelle og Dale, riggar Vaksdal Næringsselskap AS seg for berekraftig vekst. Historia gjentek seg.

 

Framtida

Vaksdal kommune har det som trengs for å etablere moderne industri. Tilgong på rein kraft og sentralt plassert på både veg og jernbane.

No står næringslivet på Vestlandet føre ei ny omstilling frå olje og gass til rein energi, berekraftssamfunnet. Vaksdal Næringsselskap AS riggar seg for berekraftig vekst.