Nærmiljø - bustader

Det er gode tenestetilbod i nærmiljøa med butikk, leikeplassar, barnehage og skule i tettstadene i Vaksdal.

Det vert bygd nye bustader på Tettaneset på Stanghelle, og det er ledige tomter i heile kommunen. Bustadprisane er rimelege samanlikna med Bergen og Voss.

Flytte til Vaksdal?

Vaksdal kommune er ein flott kommune å bu i, med nærleik til fjord og fjell, Bergen og Voss. Kommunen er mangfaldig frå landbruksmiljøet på Gullbrå i Eksingedalen og Li i Bergsdalen, industristadane Vaksdal og Dale og tettstaden Stanghelle.

Det frivillige organisasjonslivet spelar ei avgjerande rolle i det å gje Vaksdal gode lokalsamfunn. Det er lett å bli kjent med alle i lokalmiljøet gjennom deltaking og engasjement for alle interesser og aldersgrupper.

Illustrasjon: Nye bustader på Tettaneset på tegnebrettet.

Illustrasjon: Nye bustader på Tettaneset på tegnebrettet.

Me har fleire små og litt større tettstader og bygder:

Tettstaden Vaksdal: Denne bygda ligg nærmast Bergen, ved fjorden Sørfjorden. Toget tar 25 minutter frå Bergen Sentrum til Vaksdal stasjon, – kort sagt: me har eigen bybane! I bygda Vaksdal finn du mellom anna eigen barnehage, barneskule, kulturskuleundervisning, fotballbane og idrettslag, skule- og vaksenkorps, bibliotek, og butikkar, tannlækjar og pub/kafè i Vaksdal Senter.

Tettstaden Stanghelle: Du kan ta tog til Stanghelle òg, på 35 minutter frå Bergen Sentrum.Også denne bygda ligg ved fjorden, med mykje sol og utsikt. Bygda har barnehage, barneskule, daglegvarebutikk, vaksen-kor, kulturskuleundervisning, og eit aktivt idrettslag.

Tettstaden Dale er kommunesentrum. Her finn du Heradshuset, daglegvarebutikkar (som og har søndagsope), bibliotek, barnehage, skule, kulturskule, og lege. Her finn du og Turbinen, ein flott ny fleirbrukshall med ulike treningstilbod, inkludert treningssenter. Her er og eit aktivt kulturliv, med både korps og kor.

Bygda Bergsdalen ligg i fjella over Dale. Bygda har verdas beste jordbær (!) , og her finn du bl.a. serveringsstaden Bergsdalstunet

Bygda Stamnes ligg langs fjorden. Her finn du mellom anna barnehage, barneskule, tusenårsstaden Skipshelleren, daglegvarebutikk, vaksenkorps, idrettslag, og ymse andre aktivitetar.

Bygda Eidsland ligg og ved fjorden. Her finn du daglegvarebutikk, grendahus, og ymse aktivitetar.

Bygda Eksingedalen ligg i fjella, inn mot Modalen og Stølsheimen. Her er eigen barnehage og skule, idrettslag og ymse andre aktivitetar, med eit aktivt bygdelag. Les meir her.

OBS: Ikkje alle ledige bustader vert lagt ut på Finn. Ta kontakt  med oss på 91606771 , me kan hjelpa deg å finna bustad!