Styret i Vaksdal Næringsselskap

Ståle bilde

Ståle Hesjedal

Styreleiar

 

Bur på Stanghelle og jobbar som
avdelingsleiar og lærar på Dale skule.
Han fører også rekneskapen til nokre lokale bedrifter, mellom anna Dale
Trafikksenter AS og Petersens Handleri AS. 

Han har vore styremedlem i VNS i 4 år og tar no steget opp til styreleiar.

 

Ståle ynskjer at VNS mellom anna skal

vera ein tilretteleggjar for samarbeid og kompetanseheving i lokale bedrifter og jobbe for eit bærekraftig reiseliv i kommunen.

Rune

Rune Sæterdal

Styremedlem

 

Rune har 25 års erfaring som dagleg leiar og som medlem av konsernleiing. Bygde opp Sæterdal Elektro frå starten av til 35 tilsette. Driv framleis to bedrifter i Vaksdal.
Rune vil at VNS skal vere ein tilretteleggjar og pådrivar for å hjelpe lokale bedrifter med kompetanse, vekst og utvikling.
Han vil òg gjere avstanden mellom privat næringsliv og det offentlege kortare.

 

 

Ivar Bergo

Ivar Bergo

Styremedlem


Ny i styret frå juni 2024.
Bur i Eksingedalen og jobbar for Uni Micro i Modalen som prosjektsjef.
Ivar er inne i sin andre periode som kommunestyrerepresentant for Senterpartiet.
Han gler seg til å jobba med  næringsutvikling i Vaksdal og trur på ei verkeleg spanande tid med mykje aktivitet i kommunen.

tobby-sander-tomassen

Tobby Sander Tomassen

Styremedlem

 

Ny i styret frå juni 2024. 

Frå Bergen, jobbar som dagleg leiar i Osterøy Utvikling. Har eit stort kontaktnettverk i våre nabokommunar og har jobba lenge i reiselivsnæringa i Bergen.

 

Ho er blant anna med på robotprosjektet på Osterøy, for å bruke robotteknologi ute hjå bedrifter. Ein sterk ressurs for VNS.

Amalie Johnsen Lunde

Amalie Lunde

Styremedlem

 

Amalie  vart med i VNS i 2020. Sidan då har det skjedd mykje, og ho meiner at der selskapet er i dag er eit godt utgangspunkt for vegen vidare. Med Ståle som styreleiar kan me utvikla VNS vidare som ein støttespelar for ressurs for næringslivet i Vaksdal. Amalie ser fram til å arbeide med Ståle og resten av styret for å få dette til.